PÅ INNSIDA AV LIVVAKTTENESTA

09.12.2020

Plutseleg stod eg der med mitt eige samband i handa. Gjennom øyrepluggen kunne eg høyre om bevegelsane til nasjonens øvste politiske leiarar.

«Oscar 4.2 i bevegelse.»

Det betyr at statsministeren er på veg.

«Oscar 4.6 mot kortesje.»

På vanleg norsk betyr det at finansministeren går mot bilen. Eg var på innsida av eit av landets mest lukka miljø.

Gjennom to år har eg fått følgje seksjon for livvaktteneste i PST. Det har resultert i boka «Livvakt - på innsida av PST».

Politiske intrigar, sex, fart, spenning og store, muskuløse livvakter som er trente til å kaste seg framfor kulene. Det er lett å sjå føre seg den spennande og intense thrilleren om livvakttenesta, men slik er det ikkje i verkelegheita. For det å vere livvakt kan vere både kjedeleg og monotont, og dei fleste vil aldri i verkelegheita bli testa i det dei kan og har øvd på. Dei kan bli sette til å passe på ei dør i fem timar. Det kan vere dei må sitte i ein bil ein heil kveld.

Venting. Lange dagar. Lite søvn. Meir venting. Sånn kan dagane gå.

Samstundes skjer det likevel ting - heile tida. Livvaktene tek del i dei skjulte sidene i politikken, og dei får oppleve delar av verda som dei færraste reiser til.

Eg har vore med livvaktene på oppdrag i Libanon og Irak. Men også til Bergen og Arendal. Og mange andre stader.

Livvaktene har opplevd dramatiske situasjonar i utlandet. Mange huskar angrepet på Serena Hotel i Kabul. Terroristar gjekk til angrep på hotellet medan utanriksminister Jonas Gahr Støre og PST var der. Men dei har også vore i andre situasjonar. Ei anna historie, som ikkje har blitt fortalt offentleg før, er då to livvakter blei fanga midt i ein borgarkrig i Abidjan i Elfenbeinskysten.

Det er mellom 80 og 90 livvakter i PST. Dei trenar mellom 300 og 400 timar i året. Dei får oppleve mykje. Mellom anna ferie med statsministeren. Erna Solberg har livvakter med seg døgnet rundt. I utlandet er dei også der, uavhengig om det er jobb eller privat, som då familien var på Barbados, som ligg aust i Det karibiske havet, sommaren 2019. Erna, Sindre, borna Ingrid og Erik og vaktene frå PSTs livvaktteneste.

- Dei solar seg, dei også, seier Erna Solberg etterfølgt av den djupe, karakteristiske latteren hennar.

Eg har intervjua fleire politikarar om livet med livvakter. Hadia Tajik likte det ikkje. Etter at ho blei kulturminister, blei ho ofte spurd om kva som var det beste og det verste med å vere statsråd.

- Eg hugsar eg alltid tenkte, men aldri sa, at det verste var å ha livvakter. Det verste var at eg alltid blei fotfølgd.

Opptaket og grunnutdanninga får stor plass i boka. Det er knallhardt, men ein treng ikkje vere supermann, eller -kvinne, for å bli livvakt. I alle fall ikkje ifølgje tidlegare livvaktsjef Harald Thorp. Fysiske eigenskapar er sjølvsagt viktige, men det viktigaste er dei sosiale og personlege eigenskapane.

Ein av dei som ville bli livvakt var Kristian. Han følgde eg gjennom opptaket. Kristian har latt seg fascinere av livvaktene.

- Dei går som regel med dress og slips og ser fine ut, men eigentleg er dei hardbarka krigarar. Bak det pene antrekket er nokon av landets best trente politifolk. Den kontrasten beundrar eg veldig, seier Kristian. 

Til dei som vil lese meir:

NRK

VG

JOURNALISTEN

AFTENBLADET

Tusen takk til Simon Solheim, følg han her